Der verdiskapinga skjer

Vikebladet Vestposten tirsdag 14.januar 2020

ERFAringskonferansen 2020: Årets ERFAringskonferanse går av stabelen på Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik, 21. og 22. januar. Der kjem over 100 aktørar frå den maritime bransjen saman for å utveksle erfaringar.

Norwegian Maritime Exporters sin årvisse konferanse går i år av stabelen på Quality Hotel Ulstein – og det ser arrangøren fram til. – Ulsteinvik er i sentrum av ei sterk maritim klynge, seier Erlend Prytz.

Han er administrerande direktør i Norwegian Maritime Exporters (NME) – som årleg arrangerer ERFAringskonferansen for sine medlemmar og samarbeidspartnarar.

NME har 25-årsjubileum i år, og har i desse åra jobba utrøytteleg for å opne eksportdørene for den norske maritime næringa mot utlandet.

Over 100 deltakarar

Til årets konferanse, som er lagt til Quality Hotel Ulstein 21. og 22. januar, er det hittil 110 sentrale aktørar frå den maritime bransjen som har meldt seg på.

Konferansen har annakvart år blitt halde om bord i ein båt, til dømes Color Line eller DFDS – og på land i åra i mellom. Tidlegare har konferansen blitt lagt til storbyar, men i 2020 er det altså vesle Ulsteinvik sin tur. – Dette ser vi verkeleg fram til. Ulsteinvik er jo i sentrum av ei sterk maritim klynge, og vi har mange dyktige og verdifulle medlemsverksemder og samarbeidspartnarar i regionen. Vi har fått med oss ei rekkje dyktige føredragshaldarar, og vi skal ha fokus på merkevarebygging i ei verd som trass alt er i svært rask endring, seier Erlend Prytz.

Han fullrosar verksemdene på Nordvestlandet, og spesielt den maritime klynga på Søre Sunnmøre, for den skaparkrafta ein har vist gjennom lang, lang tid. Det, trass i at ein held til langt frå «allfarveg».

– Ulsteinvik er ein av fleire industristader som har blitt til gjennom hardt arbeid over lang tid.

– Konseptet vårt med ERFAringskonferansen er at det skal vere eit samlingspunkt for bransjen, og poenget er at ein skal utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Eg trur definitivt at mange kan lære av det ein har gjort på Søre Sunnmøre gjennom generasjonar, seier Erlend Prytz.

Spanande program

Som lovar at deltakarane under konferansen vil få mykje spanande servert.

Konferansier Bente Sollid Storehaug, ei av Internett-Norge sine viktigaste stemmer sidan 1990-talet, skal også halde føredrag. Det skal også Gjyri Helen Werp frå SoYou Media, Nils Apeland i Bedre Kommunikasjon og Sveinung Oftedal i Klima- og miljødepartementet. I tillegg blir det fleire lokale aktørar, som Øyvind Halkjelsvik i Hareid Group, som skal halde føredrag. Av regionale aktørar, skal blant anna Ekornes, ved Marianne Strand, halde eit innlegg.

Stortingsrepresentant ElseMay Botten Norderhus, som sit i Energi- og miljøkomiteen, skal stå for sjølve opninga av konferansen.

– Noko som er minst like viktig som sjølve programmet, er at vi set av godt med tid til mingling. Vi skal ha godt program, med mange av våre eigne som føredragshaldarar, men også god tid til nettverksbygging og erfaringsutveksling i pausane, seier Erlend Prytz.

Arrangør: Erlend Prytz i NME ser fram til konferansen i Ulsteinvik. Foto: NME.

Omvising på Ulstein Verft

Deltakarane får også bli med på omvising på Ulstein Verft tysdagen. Prytz fortel også at det skal delast ut to ERFA-Awards under konferansen.

Skrevet av: Ole-Ottar Karlsen Høstavoll

ole.ottar@vikebladet.no

Se opprinnelig artikkel her!